Årets beste juniorspill | Ernst & Young-prisen 2011 gikk til Håkon Bogen

Håkon Bogen

Erlend Skjente fortalte om Håkon Bogens spilleføring under festivalen 2010, dette ble årets juniorspill for sesongen 2010/2011.

Her følger artikkelen fra festivalbulletinen 4-2010

Meir oversikt enn du anar

2 hjarter var ikkje akkurat noka overmelding, men det var til vederlag 4 hjarter. Over 4 spar følte Bodil Nyheim Øigarden at ho hadde litt ekstra, så ho sa 5 hjarter.

Kåre Kristiansen visste ikkje heilt korleis han skulle tilnærme seg dette motspelet, og byrja med spar konge for å ta ein titt på bordet. Den fekk han for, og så må han faktisk skifte ruter for å beite kontrakten. Då han i staden vreid kløver konge, kunne Håkon Bogen lasjere denne. Neste kløver stakk han. Eit av varemerka hans er å snakke i korta, så no klødde han seg i hovudet og sa til seg sjølv, som vanleg høgt og på klingande kaudervelsk, at han trudde han hadde ei aning om korleis det sat. Det meinte også bergensaren Kristiansen at han hadde. ”Eg har meir oversikt enn du anar,” sa han faktisk. I så fall måtte han sitja med hjarta i halsen, for ein augneblink etter hadde Bogen stole ein spar og drege fem rundar trumf.

Aust var fullstendig skvisa og resultatet vart elleve stikk, 650. I det andre romet gjekk den same kontrakten to beit.