Årets spill juniorklassen 2010 | Ernst & Youngs pris til Steffen Fredrik Simonsen

Steffen Fredrik Simonsen anno 2010

Ernst & Youngs pris deles ut til sesongens beste spill i åpen og juniorklassen. For juniorklassen ble vinnere for sesongen 2009/2010 Steffen Fredrik Simonsen, journalistprisen går til Erlend Skjetne.

Her følger Skjetnes artikkel. Spelet stod på trykk i BIN nummer 5-2009 som en del av mesterskapsreferatet fra EM for universitetslag.

Dette spelet skriv seg frå EM for universitetslag i Opatija i oktober 2009. Spelet stod på trykk i BIN nummer 5-2009. Hovudperson er Fredrik Simonsen, som spela med Erik Berg i denne tevlinga. Det enda med bronse til Trondheim

Med kløver ut går denne kontrakten ei mørk framtid i møte, men polske Grzegorz Andrzejowski spela ein uheldig liten spar ut. Tiaren i bordet tok stikket, deretter ruter til knekten. No fylgde ein spar til esset og ruter ni, dekt med tiaren. Den fekk halde stikket. Bartolomiej Igla hadde inga god fortsetjing og heldt fram med ruter. Så fylgde ruterstikka og spar konge, og forsvaret fekk det verkeleg vanskeleg. Med fem kort att heldt vest som han måtte halde, éin spar, båe mellomkorta i hjarter og to kløver. Aust var derimot ferdig. Jamvel om han kastar hjarter dame, som sikkert er det beste, står kontrakten ved berre å spela kløver ess og kløver. Då får aust to kløverstikk og hjarter ess, men må gje bordet det siste på hjarter konge. Aktuelt kasta han ein liten hjarter, og Simonsen kunne velja kva farge han ville spela han inn i. Han gjekk for hjarter og fekk kløver opp i kutt. Ni stikk.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*