Festivalprisen 2012 går til Lars Allard

Lars Allard (SM 2017)

Årets festivalpris går til Lars Allard for eit spel i Parfinalen. Erlend Skjetne skreiv om spelet, som er eit utsøkt døme på effektiv praktisk bridge. Prispengane står NBF og NBP for.

Vest valde å spela ruter ni ut, i og for seg ikkje dumt, ettersom både kløver og spar gjev speleførar det manglande stikk nummer ni på sylvfat. Korleis skulle Allard føre korta no, når han ikkje fekk nokon favør i utspelet? Viss aust kjem inn i ruter er det ei beit eller to direkte, så dét kan ikkje koma på tale. Utspelet var heldigvis lett å lesa: Niaren måtte vera singel eller frå dobbelton. Då aust kom i skade for å leggje liten på ruter ni, overrekte Allard dette stikket til vest! Han trudde han hadde skote gullfuglen og heldt fram i ruter, men no hadde Allard ni ess. Det var litt overraskande at dette berre gav strøpluss, for også 4 hjarter ser ut til å vera beit med beste motspel.

Men uansett eit glimrande spel: Slike praktiske løysingar på ei stor utfordring i speleføringa, er ofte like imponerande som skvisane og innspela som vanlegvis vinn prisar.

Vær den første til å kommentere

Skriv en respons

Epostadressen din vil ikke vises.


*