Festivalprisen 2010 gikk til Jim Høyland

Jim Høyland (SM 17)

Jim Høyland vant prisen for beste spill i forbindelse med festivalen 2010. Sven-Olai Høyland skrev om spillet og vant journalistprisen.

Her følger artikkelen hentet fra bulletinen

Sladrehank skal sjølv ha bank!

Å sladre i korta kan fort straffe seg. I NM-par dukka dette spelet opp.

 

Mot Joar Haugseth – Stig Vestveit var dei regjerande norgegsmeistrane,Jim Høyland og Tor Bakke, sett under press i meldingane og havna i sparslem etter følgjande meldingsforløp.

 

Paret brukar straffebetonte doblingar på 3-trinnet, så Jim valgte å melde 3 spar på 4-kortsfargen. Utspel hjarter 8 som syd vann med kongen. Han heldt fram med esset som Jim måtte stele. Etter spar esset og spar til dama, må han ta stilling til sparen 3-3 eller ruteren 3-3. Etter utspelet og meldingane veit han at hjarteren er fordelt 7-2.

Eit moment for å velge ruteren framfor sparen er at hjartermeldaren med 3 kort i spar ser at sjansen for at motparten havnar i grand er større (mindre sjanse for at motparten har minst 8 spar). Dermed kan han velge pass framfor 3 hjarter.

Difor tok Jim 3 gonger ruter med kløveravkast. Deretter er heldt han fram med ruter og passar på at han har innkomst på handa på kløver dame i tilfelle nord stel. Det er også viktig å passe på behalde hjarteren i bordet slik at han kan krysse heim to siste stikka i tilfelle nord ikkje stel ruteren, men kastar kløver.

 

Ved bordet valgte nord å trumfe fjerde ruteren i tilfelle makker har kløver dame singel. Tre par til hadde vore i 6 spar, men Jim var åleine om å vinne kontrakten slik at det vart rein topp.