Beste spill NM LAG 2011 tildelt Per Erik Austberg

Per Erik Austberg (SM 16)

Per Erik Austberg vant prisen for sitt våkne motspill referert av Stein Stable i bulletinen

Magne Eide og Sven-Olai Høyland meldte seg kontrollert opp i 6NT, som er ein veldig god kontrakt. Normalt står han på det same som 6♠, at sparen blir taperlaus, men har i motsetnad til 6♠ tilleggssjansen for ein skvis om sparen er 4-1 imot.

Sven-Olai i nord skulle spela kontrakten, og fekk ruter ut til knekten og esset. Det hasta jo ikkje med sparen, så speleførar byrja med kløver til knekten og kløver til kongen, som Austberg dukka!

Det var glitrande motspel, for stikk han blir han sønderskvisa i svartfargane etterpå. No hadde ikkje Høyland det rette t empoet og gjekk ei beit, men det skal seiast at han i teorien kunne vunne kontrakten  trass i Austbergs motspel. Viss han tek alle dei raude stikka er nemleg Austberg skvisa likevel; han må blanke kløver ess for å halde sparen. Då kan speleførar spela liten kløver frå gjenverande dobbelton og godspela dama, noko som unekteleg blir dumt om aust i utgangspunktet hadde femkorts kløver og sparen sat 3-2. Utvilsamt ei vanskeleg og spekulativ speleføring, men så stinka det kanskje også litt av Austbergs doble dukk? Vel, det gjer uansett ikkje prisen mindre velfortent, for Austberg oppdaga ein fare i spelet som det er svært fort gjort å oversjå.

På det andre bordet i kampen vann Jørgen Molberg og Børre Lund 6 grand, for 17 IMP til Heimdal.