Årets beste spill | Ernst & Young-prisen 2011 gikk til Geir Helgemo

Geir Helgemo (festivalen 2014)

Erlend Skjente lagde en levende reportasje om en nm-kamp mellom to lag fra Heimdal i BIN 2-2011. Her omtalte han den mektige fienden, Geir Helgemo, for hans gnistrende spilleføring i 7 spar som ble spilt hjem på Entry-shifting squeeze! Dette ga selvsagt Geir Helgemo prisen for årets spill og Erlend vant journalistprisen.

Her følger Skjetnes omtale av spillet klippet fra BIN.

Men så var det eit spel denne kvelden som prova at vi trass alt hadde med ein overmektig fiende å gjera. Mange har nok allerede høyrd om det, men det er så pent at det toler å repeterast:

 

Børre Lund hadde den femte sparen og laug difor på seg spar dame, og Helgemo kunne sjå at storelsem måtte ha gode sjansar.

Eg spela kløver konge ut til knekten i aust og esset. Så ser ein allereie Helgemos suverenitet i det fakturm at han som vanlegvis er ein hurtig spelar, ikkje omgåandes pela spar her. Sit den fargen beint, er det tretten ess. Men kan det i dette tilfellet forventas å sitja slik?

Vest har minst ti kort i kløver og hjarter. Og det at utspelet kravde knekten, tyder definitivt på at vest har ein sjette kløver å skilte med. For kva skal knekten vera utspekulert og eit vågestykke å kaste knekten frå knekten smått dobbel. Knekt-ti dobbel er det nok heller ikkje, for då har vest spela kongen ut frå konge-dame-ni opp i speleførars avmeldte kløverfarge, risikosport det og. Altså har vest maksimalt to spisse kort, men er det ein ruter og ein spar, eller ot ruter? Ikkje minst: Sett at det er dobbel ruter, at vest altså er renons i spar, kan kontrakten vinnast?

Berre det å innsjå at svaret er ja, at 7 spar kan vinnast uansett, krev ein heil del fantasi. I tillegg skal ein våge å spela på det, med fare for å gå beit om trumfen frå start statt beint, noko som unekteleg kan bli pinleg. Men som Helgemo sjøl formulerte det: «Det er ingenting eg stoler meir på en intuisjonen min»

Han innleia undersøkingana med hjarter ess, deretter ruter konge, og då eg fylgde på med niaren (eg burde sjølvsagt lagt tiaren), var han endå sikrare i saka si. Han sette seg i Forfots stol og spurte seg: Kva ville eg gjort over 2 grand med dame-knekt åttande i ruter? Meldt 3 ruter, naturlegvis. Altså såg det ikkje ut som aust kunne ha dei korta, han måtte ha begge sjukorts ruter, og fylgjeleg har vest 0-5-2-6.

Difor ruter itl esset som sto. Hjarter konge og spar ni frå bordet. Då aust la liten, la Helgemo glatt ein liten sjøl og kunne velnøgd konstantere at eg kasta kløver. Spar til knekten og nytt kløveravkast, spar konge og… Då var det slutt. For kva skulle eg hive no?

Et sat att med tri hjarter og tri kløver. Kastar e gein kløver, går det kløver til stjeling, hjarter til steling, kløver til steling og handa er god. Kastar eg hjarter, stikk speleførar spar konge med esset, spelar hjarter til steling, kløver itl steling, hjarter til steling og bordet er godt!

Heile spelet:

 

Dette kaller ein på engelsk ein entry-Shifting Squeeze; essensielt var det altså å la spar ess bli liggjande, for å kunne stikket over kogen viss eg i sluttpossen kastar hjarter.