Juryen har bestemt at årets Rica-pris for beste spill går til Jim Idar Høyland. I en finurlig sluttposisjon der vest må holde spar og ruter, må spillefører kaste en mellomhøy honnør for ikke å bli låst i bordet. Aktuelt kastet vest en ruter, men Jim hadde ganske sikkert lest situasjonen og spilt på eneste sjanse, som er å spille på nieren dobbel i øst.
Det var to personer som leverte inn dette spillet. Men den som kom best fra oppgaven, med god forklaring av spillets gang samt en sluttposisjon som tydeliggjør spillets poeng, var Ivar Berg, som mottar presseprisen. Her følgers Bergs artikkel:
Artig Sluttposisjon
I spel 14 dukka ein interessant posisjon opp:
Allan Livgård fortalde om dette spelet frå kampen mellom BAK 2 og Heimdal. Jim Høyland var speleførar i 3NT i Sør, med hjarter ut. Kløver til dama og meir kløver. Aust sette opp hjarteren, og Sør kløveren medan Vest kasta ein spar. På to rundar hjarter forsvann to spar i bordet og ein på handa. Vest fridde seg med spar, og posisjonen når den siste kløveren blir spela er denne
Aust kan kaste ein spar, men kva med Vest? Kastar han ruter, er det nok å sigle ru T og spela ny ruter. Om han kastar spar konge, kan Sør spela spar dame og kaste ein ruterhonnør frå borde! Ruter 10 dreg med seg kongen, men sidan ruter 9 sit dobbel fell ho under den andre ruterhonnøren, og ruter 7 – av alle kort – tek siste stikk! (Sidan Vest ikkje visste kven som hadde ruter 10, kasta han sjølvsagt ein ruter, så det vart ikkje så spennande.)