Festivalprisen 2011 ble vunnet av Egil Hansen, journalist var Erlend Skjetne
Her følger Skjetnes omtale av spillet hentet fra bulletinen
3 grand er vel eigentleg nok på desse korta, men nokre forsøkte seg i knallharde 6 ruter.
Kontrakten ser ved fyrste augekast ut til å vera beit uansett utspel, og med kløver konge ut kan det bli to fordi ein fort prøver sparfisken. Men ved eitt bord i salen sat det faktisk ein mann som vann denne kontrakten: Egil Hansen fekk kløver konge ut etter at sør i meldingsforlaupet hadde dobla ei kunstig kravmelding i kløver. Esset tok fyrste stikk, og sør tok seg bryet med å kaste dama. Kanskje meinte han berre å vise makkeren dame, knekt, ti, men det kunne jo også tyde på at han hadde noko i spar, sjølv om å lavinthalere i denne possen naturlegvis er litt meiningslaust.
I alle fall valde Hansen å spela på at sparkongen var i sør. Han drog hjarter ti og måtte nesten sigle henne, for denne femtiprosentssjansen er sjølvsagt betre enn å skulle stela ut dama tridje i nord. At sør ikkje dekte var i dette tilfellet likegyldig. Ein ny hjarterkapp fylgde, og deretter ut med trumfen og resten av dei raude stikka.
Sør såg innspelsskvisen koma og blanka spar konge, men Hansen stolte på intuisjonen sin og gjekk opp på esset. 920 var ein rein og velfortent topp i Parfinalen.